Miljøverndepartementet


Det overordna ansvaret villaksforvaltninga er lagt til Miljøverndepartementet. Departementet skal sørgje for at regjeringa sin politikk blir sett ut i livet. Dei viktigaste verktøya for å oppnå dette er budsjett, lovverk og langtidsplanlegging.

I tillegg til lakse- og innlandsfisklova har Miljøverndepartementet hovudansvaret for vassforskrifta, naturmangfoldlova og plan- og bygningslova.

Vassdragforskrifta og naturmangfoldlova

Vassforskrifta vart vedtatt i 2006 og er kopla opp mot EUs rammedirektiv for vatn. Den skal bidra til rammer og miljømål som sikrar heilskapleg vern og berekraftig bruk av vassressursane.

Naturmangfaldlova vart vedtatt i 2009, og gir reglar og retningslinjer for heilskapleg bruk og vern av biologisk mangfald.

Offentlege utgreiingar og proposisjonar

Prinsippa for langsiktig planlegging og forvaltning av villaksen er i tillegg til lovverket nedfelt i offentlege utgreiingar og proposisjonar som Stortinget tek stilling til.

I 2003 og 2007 vedtok Stortinget til saman 51 nasjonale laksevassdrag (NLV) med tilhørande fjordavsnitt – nasjonale laksefjordar (NLF). Hovudprinsippa for forvaltning av desse vassdraga og fjordane vart lagt fram i Stortingsproposisjon nr. 32  (Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder).

Eit viktig prinsipp er at omsynet til villaksen skal ha særleg vern i desse områda, mellom anna er det begrensningar og spesielle reglar knytte til vassdragsinngrep og  fiskeoppdrett.

Årlege føringar blir bestemt i statsbudsjettet

Dei årlege føringane for Miljøverndepartementets forvaltning av villaksen blir bestemt i statsbudsjettet. I budsjettproposisjonen blir dei viktigaste utfordringane for villaksen presentert saman med forslag til tiltak og budsjett for dei enkelte postane. Stortinget tek stilling til forslaget etter at det på førehand er behandla i Energi- og miljøkomitéen.

Delegeringar frå Miljøverndepartementet

Dei fleste praktiske forvaltningoppåvene som gjeld villaksen er delegert til Direktoratet for naturforvaltning. Fylkesmennene og kommunane har også vesentlege forvaltningsoppgåver når det gjeld laks, sjøaure og sjørøye. I 2010 overtok fylkeskommunane ein del av innlandsfiskforvaltninga.

Miljøverndepartementet har eit spesielt ansvar for å følgje opp internasjonalt arbeid og avtalar.

Oppdatert: 31.01.2013

Kontakt
Sturla Brørs TLF: 481 73 531