Fylkesmannen


Fylkesmannen er staten sin representant i fylka og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen er gitt ein rekke forvaltningsoppgåver som er heimla i lakse- og innlandsfiskelova, og er eit viktig regionalt bindeledd mellom den sentrale villaksforvaltninga og lokale elveeigarar, fiskarar og organisasjonar.

Fylkesmennene har i dag mellom anna ansvar for å regulere fiske ved elvemunningar, foreslå reguleringar av fisket i vassdraga, og fastsette grense for lakseførande strekning i vassdraga. Fylkesmennene behandlar søknader om fisketillatelsar, fiskekultivering og fysiske tiltak i laksevassdrag.

I tillegg til løpande saksbehandling samlar fylkesmennene inn fangststatistikk frå laks-, sjøaure- og sjørøyefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket, og deler ut tilskott frå det statlege fiskefondet.

I kvart fylke med laks, sjøaure og sjørøye driftar som regel Fylkesmannen regionale fagråd som har jamnlege møte og gir råd til forvaltninga. Her er som regel sjølaksefiskarlag og grunneigarlag frå viktige vassdrag representerte, samt representantar frå kommunane og andre brukar- og interesseorganisasjonar.

Overvaking

Fylkesmennene spelar ei viktig rolle i overvakinga av laksevassdraga. Fylkesmennene gir råd til kommunane og har god kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag. Dei har tett kontakt med politiet, Statens naturoppsyn (SNO) og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Fylkesmannens rolle i fiskeoppdrettssaker

Fylkesmennene gir naturfaglege vurderingar til søknader om fiskeoppdrett i sjøen. Vidare behandlar dei søknader om løyve til utslepp av kjemiske og organiske stoff til sjøvatn med heimel i ureiningslova. Søknader om oppdretts- og kultiveringsanlegg i ferskvatn blir konsesjonsbehandla av Fylkesmannen i det aktuelle fylket.

Styring og rapportering av arbeidsoppgåver

Naturforvaltningsoppgåvene Fylkesmennene utfører blir gitt gjennom tildelingsbrev frå Direktoratet for naturforvaltning. Tildelingsbrevet blir følgt opp med styringsdialog og rapportering på dei enkelte fagområda.

Oppdatert: 31.01.2013

Kontakt
Sturla Brørs TLF: 481 73 531