Kommunane


Kommunane er ein del av den offentlege fiskeforvaltninga, og har i dag ansvaret for ei rekke oppgåver som er heimla i lakse- og innlandsfiskelova.

Som planmyndigheit har kommunane ansvaret for å ivareta fiskeinteressene i kommunal planlegging. I dette ligg også at ein skal ta omsyn til fiskeinteressene og leveområda til fisken i oversiktsplanlegginga.

Etter lakse- og innlandsfiskelova har kommunane i dag heimel til å pålegge elveeigarane å selje fiskekort. Kommunane har vidare myndigheit til å fastsette ulike grenser i vassdrag, for eksempel om ei elvestrekning skal sjåast på som ein foss eller elv, og kvar grensa mellom elv og sjø går. Slike vedtak kan mellom anna avgjere kvar fiskerettshavarane kan krevje at fiskaren har fiskekort, ettersom det normalt kan fiskast fritt med stong i sjøen.

Kommunen kan krevje at tiltak som er gjennomført i strid med lov eller forskrift blir oppretta. Kommunen kan også utføre eller krevje tiltak i vassdrag i krisesituasjonar. I tillegg har kommunane ansvar for å legge til rette for næringsutvikling og rekreasjon med utgangspunkt i fiskeressursane. Kommunane ivaretar desse ansvarsområda blant anna ved samarbeid med elveeigarane når driftsplaner for vassdraga blir utarbeidd.

Oppdatert: 31.01.2013

Kontakt
Sturla Brørs TLF: 481 73 531