Fiskerettshavarane si forvaltning


Grunneigarane har retten til å bruke fastståande fiskereiskap i sjø, og til fiske i elv. Fiskerettshavarane sitt ansvar har vorte større etter at Stortinget i 1996 vedtok at vilt- og fiskeforvaltninga så langt det var føremålstenleg skulle utførast lokalt.

Med fiskeretten følgjer mellom anna plikt til å levere fangstoppgåve og til å organisere fisket i vassdraga.

Felles forvaltning av fiskeressursane

Der utnyttinga av fiskeinteressene tilseier det, er grunneigarane forplikta til felles forvaltning av fiskeressursane. Dette betyr at dei må vere organisert slik at offentlege styresmakter og andre kan forhalde seg til eitt grunneigarorgan.

Dersom ikkje grunneigarane kan einast om ei felles forvaltning, kan eit fleirtal av dei med bindande verknad avgjere at fiskeressursane skal forvaltast i fellesskap. Fleirtalet blir normalt rekna etter den enkelte grunneigaren sin del av fisket.

Driftsplanar

Grunneigarane skal, dersom det er føremålstenleg ut frå ressursutnyttinga, utarbeide driftsplanar for eit vassdrag eller eit fiskeområde i samarbeid med kommunen og brukarane. Driftsplanen bør innehalde oversikt over fiskeressursane i det aktuelle området og forslag for kultivering og utnytting av ressursen.

Vidare bør driftsplanen innehalde oversikt om innbyrdes forhold og størrelse av fiskerettane i vassdraget, om organisering av fiskeinteressene, fiskekortsal, reiskapsbruk, fredingstider og økonomiske forhold.

Ein gjennomarbeidd driftsplan er viktig for ei god privat og lokal forvaltning, og grunneigarane kan få bistand til å utarbeide driftsplanar frå den offentlege fiskeforvaltninga dersom det er nødvendig. Mange grunneigarlag har fått offentleg pengestøtte til driftsplanarbeidet gjennom Fylkesmannens regionale disponering av fiskefondet.

Oppdatert: 31.01.2013

Kontakt
Sturla Brørs TLF: 481 73 531