Andre etatar som har betydning for villaksen


Fiskeri- og kystdepartementet har ansvaret for akvakulturnæringa, og Olje- og energidepartementet har ansvaret for utbygging av vasskraft. Dette er særlege viktige område som påverkar villaksen.

Det er Fiskeri- og kystdepartementet som har ansvaret for akvakulturlova. Formålet i lova er å fremje lønnsemd og konkurransekraft i akvakulturnæringa innanfor rammene av ei berekraftig utvikling. Det er også eit mål å bidra til verdiskaping på kysten.

Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har eit overordna ansvar for å forebyggje, overvake og bekjempe sjukdommar hos viltlevande og oppdretta akvatiske organismar. Dette inneber mellom anna å kartlegge effektar av tiltak mot lakselus og annan sjukdom på ville bestandar av laks, sjøaure og sjørøye

Fiskeristyresmaktene har ansvaret for å overvake rømmingssituasjonen og for å skaffe tilstrekkeleg kunnskap om effektane av tiltak mot rømming.

Den praktiske forvaltninga er i stor grad utført av Fiskeridirektoratet. Det er fylkeskommunen som konsesjonsbehandlar og tildeler lokalitet til oppdrett av laks/aure og saltvassfisk i det aktuelle fylket.

Mattilsynet

Når det gjeld fiskesjukdom er Mattilsynet underlagt Fiskeri- og kystdepartementet. Mattilsynet har ansvaret for å forebyggje, avgrense og utrydde fiskesjukdom. Når det bryt ut smittsam fiskesjukdom vil Mattilsynet vurdere situasjonen og treffe nødvendige vedtak.

Det er lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova) som heimlar forskrifter som rettar seg mot villfisk i ferskvatn. Ei slik sentral forskrift som har særleg interesse for villaks gir reglar om førebygging og nedkjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Norges vassdrags og energidirektorat

Norges vassdrags- og energidirektorat kan ved konsesjonsbehandling pålegge utbyggar å gjennomføre miljøtiltak etter inngrep i vassdrag. Direktoratet gir også bistand og tilskott til miljøtiltak der det er etaten sjølv som tidlegare har utført inngrep som har forringa miljøkvalitetane i vassdraget. Det kan også gjere dette der det ikkje er ein eller fleire tiltakshavarar som har eit klart ansvar for å avbøte effektar av inngrepet.

Norges vassdrags- og energidirektorat har dei seinare åra prosjektert og gjennomført miljøtiltak i fleire større vassdrag, ofte i samarbeid med andre aktørar slik som berørte kommunar, Vegvesenet og regionale styresmakter. I dei fleste tilfella er det utarbeidd heilskaplege tiltaksplaner for desse vassdraga.

Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementets hovudoppgåve er å legge til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Innafor departementets ansvarsområde er det særleg vassdragsforvaltninga som påverkar laks, sjøaure og sjørøye.

Oppdatert: 30.01.2013

Kontakt
Sturla Brørs TLF: 481 73 531