Det internasjonale rådet for havforsking


International Council for the Explorations of the Sea (ICES) er ein internasjonal organisasjon som er etablert under Konvensjonen for det internasjonale rådet for havforsking.

Organisasjonen har som formål å videreutvikle det vitskaplege grunnlaget for å gi råd om menneskelege aktiviteter som påverkar og blir påverka av marine økosystem.

Aktiviteter

ICES planlegg og koordinerer havforsking gjennom eit nettverk av komitear og er hovudleverandør av rådgiving på det marine området til regjeringar og internasjonale myndigheiter.

Råd om lakseforvaltning

ICES gir råd til NASCO og medlemslanda om forvaltning av ville laksebestandar. Du finn meir om det ved å følgje lenkjene i menyen til høgre.

Medlemsland

ICES sine medlemsland er: Belgia, Canada, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Tyskland, Island, Irland, Latvia, Litauen, Nederland, Noreg, Polen, Portugal, Russland, Spania, Storbritannia, Sverige og USA.

Oppdatert: 04.04.2012