Direktoratet for naturforvaltning


Direktoratet for naturforvaltning (DN) er det sentrale, utøvande og rådgivande organet som forvaltar ferskvassfisk. DN har mellom anna ansvar for å fastsette reglar for fisket etter laks, sjøaure og sjørøye i sjøen og i vassdraga.

DN har fullmakt til å gi enkeltvedtak og forskrifter med heimel i lakse- og innlandsfiskelova. I tillegg til å gi reglar om fiske etter laks, sjøaure og sjørøye, kan DN mellom anna gi reglar knytta til organisering og drift av vassdrag, fiskekultivering, fangstrapportering og fiskeoppsyn. Fagområde knytte til villaksen som DN brukar mykje ressursar på er vassdragsregulering, kalking av vassdrag og nedkjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

Se lenker om fiskekultivering (fiskeutsettinger), fangstrapportering, fiskeoppsyn, vassdragsregulering, kalking av vassdrag og nedkjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris i menyen til høgre.

Byggjer opp kunnskap

Dei siste åra har DN brukt mykje ressursar på å byggje opp fagsystem som lakseregisteret og metodikk  som skal hjelpe oss i forvaltninga av vassdrag og bestandar. Naturmangfoldlova legg føringar for at kunnskapsgrunnlaget skal vere godt nok å gi kompetente fagvurderingar og godt begrunna vedtak. DN gir økonomisk støtte til forskning og overvaking for at nødvendig kunnskap skal byggast opp og haldast ved like. Forvaltningsråd blir henta inn mellom anna av Vitskapsrådet for lakseforvaltning og frå møte i Samarbeidsrådet for anadrome laksefisk.

Sjå lenke til Vitskapsrådet for lakseforvaltning og Samarbeidsrådet for anadrome laksefisk til høgre.

Fiskefondet

DN forvaltar inntektene betalt inn til Statens fiskefond. Fiskefondet byggjer på inntektene frå fiskaravgifta som staten krev inn for at ein skal kunne fiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Inntil 2001 var det krav om å betale fiskaravgift for å fiske etter innlandsfisk, men ordninga vart avslutta mellom anna for å stimulere til meir friluftsliv. Delar av Statens fiskefond blir brukt til lokale og regionale fisketiltak etter at søknadene først er prioriterte av fylkesmennene. Nasjonale tiltak og prosjekt blir vurdert av DN.

Koordinerande rolle og samarbeid

DN har instruksjonsrett overfor fylkesmennenes miljøvernavdelingar, og utarbeider oppdrag, retningslinjer og budsjett for saksområde som er delegerte til fylkesmennene. Oppfølgjing av arbeidsoppgåver skjer gjennom tildelingsbrev med budsjett, og ein styringsdialog som følgjer bestemte rutinar og tidspunkt gjennom året.

I den daglege lakseforvaltninga har DN mykje kontakt og samarbeid med andre forvaltningsetatar, forskningsinstituasjonar og organisasjonar. Dette gjeld for eksempel Fiskeridirektoratet om ulike sider ved fiskeoppdrett og effektar på villfisk, det gjeld Norges vassdrags og energidirektorat om effektar av vassdragsregulering, og det gjeld Mattilsynet om fiskesjukdommar.

Sjå lenke til Fiskeridirektoratet, Norges vassdrags og energidirektorat, Mattilsynet, Lakse- og innlandsfiskelova, Naturmangfoldlova og St.prp. nr 32 (Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder) til høgre. 

Oppdatert: 30.01.2013